Kva er yoga? 

Det er vanskeleg å gje eit enkelt svar på dette spørsmålet, i dei tidlegaste hinduistiske tekstane var grunnbetydningen av ordet yoga: "anstrengelse i form av kroppslig og mental disiplin for å oppnå et vanskelig mål" (2004, Jacobsen). I tillegg til denne definisjonen finst det fleire ulike definisjoner av omgrepet yoga. Når vi høyrer og leser om yoga tenkjer vi kanskje på ord som  konsentrasjon, disiplin, meditasjon eller ein kanskje er det  andre forestillingar om kva yoga er som dukkar opp. Ei yogaøkt kan variere frå rolege enkle timer med stort fokus på meditasjon til yoga der dei fysiske øvelsane står i fokus. Det finst så mange ulike yogaformer at du vil truleg finne ei form som passer deg. For å finne ut om yoga er noko for deg må du prøve. Yoga formen som eg underviser er viryayoga.


 


VIRYAYOGA

Viryayoga er ei dynamisk yogaform utvikla av Josephine Selander saman med naprapaten Malin Flinck. Ein viryatime gjev deg ei variert treningsøkt, med stort fokus på biomekanikk. Timene har og eit filosofisk tema som kan gje rom for ettertanke eller nye refleksjonar. For meir informasjon om viryayoga sjå viryayoga.se.