Pilates

Joseph Pilates er opphavsmann til treningsforma Pilates. Joseph Pilates kalte treningsforma for contrology, fordi han meinte at tankekraft kunne bli brukt for å kontrollere musklane. Pilates var lenge ei treningsform kun for dansare og spesielt inviterte, men dei siste åra har dette forandra seg. Det er stadig fleire som har oppdaga kor effektiv pilatestrening er.

Pilates er styrketrening der ein legg stor vekt på kvalitet i treninga. Fokuset ligg på dei fem grunnprinsippa: pust, bekkenplassering, brystkasseplassering, skulder- og nakkeplassering. Korrekt plassering av kroppen og fokus på rolege bevegelsar gjer pilates til ei skånsom trening som passer alle, også dei som slit med ulike skader eller plager.

Gjennom timane jobber vi mykje med kjernemusklaturen og å bli kjent med korleis kroppen vår rører seg. Pilatespusten vil aktivisere dei djupe stabiliseringsmusklane for å halde rett plassering av ryggsøyla. Pusten er derfor eit viktig element i pilates. Pusten hjelper også til med å gje fokus og konsentrasjon under treninga.


Kvifor trene pilates?

Positive effekter av pilates trening kan blant anna vera 

betre kroppsforståelse, 

betre blodsirkulasjon, 

betre balanse, 

betre sjølvtillit, 

flott haldning, 

at det er skadeforebyggjande, 

at det gjev deg ein flat og godt trena mage 

og auka konsentrasjon.