Navnet mitt er Kathrin Teigum, eg kjem opprinneleg frå Skjåk. I 2011 fløtte eg saman med familien min til Longyearbyen for å oppleve alt det spennande som Svalbard har å by på.

Hausten 2008 hadde eg mitt fyrste møte med pilates. Etter det har eg teke ulike kurs blant anna storball og matte. På kvar trening og for kvart nye kurs eg tek oppdagar eg nye øvelsar, og andre måtar å ta tak i ein situasjon på. Pilates er for meg lærerikt og utviklande.

I løpet av åra har eg undervist pilatestimar i Selbu (Trim1), Tydal og no i Longyearbyen. Alle stader møter eg treningsintresserte og inspirerande mennesker. Det er derfor utruleg kjekt å halde på med pilates og trening.





UTDANNINGA MI:
  • Adjunkt
  • Grunnfag idrettsvitenskap
  • Mellomfagstillegg i kroppsøving
  • Pilates: stor ball
  • Pilates: Matte1
  • Pilates sertifisering
  • Triadeballkurs
  • Tonningball kurs
  • Eg tek ei 200 timer yogalærerutdanning i VIRYAYOGA vinteren 2012/2013 (www.nordiskyoga.se)

Alle pilateskursa har eg teke ved Pilatesroom i Oslo.