Velkommen til FJELLpust 

Med fjellpust kan du trene pilates og yoga. Målet med timane er at du skal føle treningsglede og få oppleve dei mange postive sidene ved pilates og yoga. 

Ta gjerne kontakt på e-post dersom det er noko du lurer på.








Kurs

Mandag 9. september starter treningane opp att i kulturhuset. 


Meld deg på ved å sende mail til kathrin@fjellpust.no 



Nytt denne hausten: MORGENYOGA


Fjellpust


Fra du er født pustar du inn og ut, kvar dag, kvar time, kvart minutt. 
Av og til tenkjer du over det, men det meste av tida skjer det heilt av seg sjølv, heilt ubevisst. Pusten speglar kroppen vår. Om du har mykje spenningar i kroppen kan det vise seg ved at pusten blir kort og sitt oppe i skuldrane. Mange av oss har mange ting på programmet og vi tek oss sjeldan tid til å stoppe opp og kjenne etter korleis kroppen og hovudet har det. Med pilates og yoga får du eit avbrekk i kvardagen, ei stund til å stoppe opp, ei stund som er berre di.